top of page
IMG_3524.jpeg

PROGRAM 2025

​Nordfjord Strikkefestival 4.-5.  april 2025

Operahuset Nordfjord er hovudbase for Nordfjord strikkefestival, men som vanleg tek vi heile bygda i bruk.

Denne festivalen er hovudsakleg ei sosial samling for folk med garn og pinnar mellom fingrane. Vi håper mange tek med seg spøtet og finn vegen til Nordfjordeid desse dagane.   

 

Fredag 4. april

 

Frå kl  18.00    Ope festivalkontor, Magnifikk

Utdeling av festivalpass

19.00-          Strikkefestivalkveld   

Uhøgtideleg strikkekafe, hyggeleg prat og strikking. Det er mogeleg å kjøpe mat før kjøkenet stenger kl 21.00

Strikkeentusiast Terje Tjelle (StrikkeTerje) leier oss gjennom strikkefestivalkvelden.
 

Vi organiserer som vanleg restegarnmarknad. Her kan du bli kvitt garn som er til overs, og kanskje finn du noko anna som inspirerer deg?  

 

Inkl i festivalpass, 250 kr utan festivalpass                 

 

Laurdag 5. april 

08.00 – 14.00  Ope festivalkontor, Operahuset Nordfjord 

08.30-10.00    Strikkefrukost på Didriks

Start dagen med ein god frukost i godt selskap og unike omgjevnader. Frukost og overraskingar inkludert. Det er sjølvsagt lov til å strikke.  Her blir det eit lite frukostforedrag med Erling Digernes, for tida i studiepermisjon frå stillinga som dagleg leiar for Rauma Garn.  

Avgrensa tal plassar, 240 kr (ikkje med i festivalpass)

10.00 – 16.00  Strikkeshopping, Nordfjordeid

Velkomen til Strikkeshopping på Nordfjordeid. Ta med deg spøtet ditt og besøk unike butikkar og kafear i den koselege bygda vår. Gode tilbod til dei med festivalpass. Sjekk nettsida for fleire tilbod når festivalen nærmar seg.

 

11.00-18.00    Strikkemarknad, Operahuset Nordfjord

Det vert marknad for og av strikkarar i Operahuset Nordfjord. Les meir om utstillarane våre her. Det er plass til fleire.

Inkl i festivalpass, 150 kr utan festivalpass

11:30-12.30    Føredrag Vågåull, kinosalen Operahuset Nordfjord

Inkl i festivalpass, 300 kr utan festivalpass  

                        

13.00-13.45    SofaSTRIKKEprat, foajeen i Operahuset Nordfjord

Panelsamtale  Erling Digernes (Rauma Garn) og Robert Torrissen, leia av Magny Flyum.
Inkl i festivalpass, 300 kr utan festivalpass     

            .

14.00-15.00    Føredrag Siri Nilsen (Krauseri)

Inkl i festivalpass, 300 kr utan festivalpass   

16.00-17.00 Føredrag Robert Torrissen (Hardbarka).   

Inkl i festivalpass, 300 kr utan festivalpass

20.00   Strikkefest på Magnifikk
Laurdag kveld samlast vi til prat og sosialt samvær over strikkepinnane. 

Baren er open. 18 års aldersgrense.

Kjøp festivalpass

 

Festivalpass gir inngang til føredrag og aktivitetar og gode tilbod. Inngang strikkemarknad og alle arrangement (utanom Strikkefrukost) er inkludert.

30 fyrste som kjøper festivalpass får eigen goodiebag når dei hentar festivalbandet. I tillegg vert det loddtrekninger og overraskingar på fleire av arrangementa.  

  • Facebook

©2019 by Nordfjord strikkefestival. Proudly created with Wix.com

bottom of page